Martin med kjempespel på siste dagen
DAG 31 kl 12:
Tellevik sr. og jr. brukte formiddagen i hallen. Brage storspelte og sikra seg toppen med god margin. Tore hadde meir enn nok med å springa fram og attende for å fikse baneoppsett, så det vart eit heller labert kort på han. Men han har varsla ny runde i ettermiddag saman med hr. Røyrvik, så kanskje heng plassen min i ein tynn tråd...
DAG 31 kl. 16:
Martin tok verkeleg tak på Voss. Han spelte to kort over par (612 og 683) og entra med det førsteplassen. Olav vart dermed skubba ut av lista, men han overtok finaleplassen på tal kort. I Øystese prøvde Olav, Terje, Tore og underteikna å forbetre sine kort, men dei store omveltingane kom ikkje. Terje løfta seg litt, men ikkje nok og eg spelte meg forbi Gaute og Trond.
Med dagens aktivitet er det spelt 190 kort fordelt på 20 spelarar. Det gjev ein premiepott på kr. 9500. Kvart kort kostar kr. 50 og all inntekt går til premiar. Nr. 1 i finalespelet får 60%, nr. 2 30% og nr. 3 10%.
- HANDICAP:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12512&Tittel=Kjegletrim%20hcp...
- OM KJEGLETRIMMEN:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12482&Tittel=Kjegletrim%20vin...
----------------------
DAG 30 Del 1:
Mona heldt ord og preparerte banane på Voss sopass at vossingane tok kommandoen over kjegletrimmen. I skrivande stund ligg alle vossadeltakarane inne i finalen.
Frode Stalheim har hatt ein periode på jobb, men tok skikkeleg av i dag, forbetra to av korta og spelte seg heilt til topps med 2035 i totalscore. Trond Johansen spelte tre kort og fekk to av dei teljande. Han ligg på 2. plass 1 pinne bak Frode. Martin løfta seg også og er den tredje med eit reint snitt over 200, men det vart litt for lite til topp sju. Men han er rimeleg sikker på kortplassen om ikkje Røyrviken blir dytta ut av topp 7. Gaute er skubba ut av lista og Brage ligg på den utsatte 7. plassen.
I Øystese var det frukostbowling der Olav Ludvig og Lars Audun gjorde forsøk på å nå opp i det gode selskap. Lars Audun spelte tre kort og låg bra an etter to seriar, men sleit i sisteserien på kvart kort. Han fekk dog justert seg litt opp, men ikkje nok til finaleplass. Olav Ludvig fullførte slik at han no har spelt tre kort, men strandebermingen fant ikkje godlinja.
DAG 30 Del 2:
Lars SP og Gaute brukte kveldsøkta til å riste skikkeleg i finalelista i Kjegletrimmen. Dei spelte 4 kort kvar. Lars forbetra to av sine kort og ligg no heilt på topp etterfulgt av to av sine sambygdingar. Eit av Gaute sine 4 kort var på solide 687 og med det entra han 4. plassen rett etter vossingane. Tore er no den som har den neglebitande 7. plassen medan Tellevik jr. er ute av finalelista.
Ein dag igjen med kjegletrim - vil det bli fleire endringar?
---------------
DAG 29:
Litt overraskande at det ikkje var aktivitet i Øystese i dag med tanke på kor tett det er rundt finalekutten, men kanskje pinnakjøtet har tatt piffen av dei fleste. På Voss var Martin i aksjon med eit kort, men oppspelte banar gav ikkje noko gratis. I morgon er han derimot lova nypreparerte banar, så kanskje både han og andre vossingar tar sats då.
----------------
DAG 28:
Trond prøvde seg på eit par kort på Voss, men sisteseriane øydela for han. I Øystese spelte Brage to kort før månadscupen og løfta seg opp frå 7. til 5. plass. Terje og Atle spelte også to kort kvar; eit under månadscupen og eit etterpå, men ingen av dei vart teljande.
----------------
DAG 26:
Så langt på 2. dags jol har Frank og Lars røra rundt i resultatlista. Lars S spelte tre kort på Voss i dag og sleit voldsomt i dei to første, men det tredje satt som det skulle; med 564 i rein score løfta han seg opp på 4. plass. Underteikna tok turen innom hallen for å testa ny kule (Storm NeXt) på High Street. Og kula gjorde jobben (med litt hjelp av meg). 650 i rein score løfta meg til topps i Kjegletrimmen 9 pinnar framom Olav R. Spelet er dokumentert på youtube:
https://www.youtube.com/watch?v=HL-vu_lVGKM
-----------------
DAG 23:
Far og sønn Tellevik innleia kvelden før kvelden med å spela kvart sitt kjeglekort. Tore løfta seg opp på 2. plass 10 pinnar bak Olav. Brage spelte seg opp på 6. plass à poeng med Trond. Dermed må Sebastian ta juleferie utanfor det gode selskap og vår kjære formann Terje ligg på den utsatte 7. plassen.
---------------
DAG 22 DEL 1:
Både på Voss og i Øystese vart det spelt fleire midtpådagen-kort. Martin var i aksjon på Voss og forbetra eine kortet sitt, men ikkje nok til å rykka opp topp 7, men han har 18 kort og er den som toppar den lista. Lars Audun, Olav R og underteikna spelte tre kort kvar, men berre siste kortet mitt vart teljande. Med 625 på det kortet rykka eg opp på 3. plass og skubba Brage ut av lista.
DAG 22 DEL 2:
Etter at den kvite dama og all fortent velleta var unnagjort med driftsgruppa, rigga folket seg til på parketten for å løfta julebruset. Og jaggu vart det løfta. Tolv kort vart spelt og Olav R var verkeleg i støtet. Han spelte to kort (nr. 19 og 20) og forbetra to av dei han hadde inne, så no har strandebermingen kapra første plassen og er den einaste over 2000 pinnar. Andre som lea på seg var Lars Endre, som endå har eit stykke veg å gå, men han er på gang. Svenn-Rune fekk spelt sitt andre kort, men askøyværingen heng bittelitt bakpå :). Resten av gjengen fekk fylt på kortkvoten sin.
---------------
DAG 21:
Trond, Sebastian, Lars SP, Terje og Gaute spelte totalt 15 kort i dag - og jammen vart det heksegryte i kampen om finaleplassane. Sebastian hadde berre to kort før dagens spel, men løfta seg opp á poeng med Brage på 6. plass. Gaute spelte 677 på sitt beste kort og gjekk heilt til topps. Terje klarte også å forbetra eit av sine kort og ligg no på 4. plass, men det er styggeleg jamt både oppover og nedover lista. Mellom Gaute på 1. og Lars SP på 8. plassen skil det berre 17 pinnar!
----------------
DAG 20:
Gaute brukte eitt kort på å klarta attende til topp 7. Han skubba dermed Martin til 8. plassen, så Frode S måtte sjå at Martin overtok kortplassen.
--------------
DAG 19:
Fredagsspelet i Kjegletrimmen endra ein del på resultatlista. Det vart spelt tre kort av Martin på Voss og han avslutta med eit knallkort på 607 utan hcp og rykka opp til topp 7. I Øystese var det tre stk. som nytta freddan til å spela kort. Vårt rykande ferske klubbmedlem Lars Audun spelte tre kort og la seg med det opp på 8. plass 8 pinnar bak Martin.
Men den som verkeleg rykka til i kveld var Olav som spelte 570 i rein score på sitt siste kort for kvelden. Med det resultatet klatra han opp på 3. plass på lista berre 10 pinnar bak Tore som tviheld på 1. plassen. Med både Olav og Martin inne topp 7 overtok Frode S plassen med flest kort.
--------------
DAG 18:
Lars S Pedersen brukte torsdagskvelden på å spela sitt 2. og 3. kort i turneringa. Jamt spelt, men manglar 30 pinnar på å koma inn topp 7. Tre spelarar ligg no på 210 i snitt m/hcp og det er tett som erteris oppover lista.
------------
DAG 17:
Ti kort spelt i kveld; fire på Voss og seks i Øystese. Brage Tellevik spelte sitt tredje kort i dag og rykka opp på 3. plass 15 pinnar bak pappa Tore. Atle forbetra eine kortet sitt og klatra med det opp i klynga rundt 210-214 i snitt. Resten av kortspelarane gjorde ikkje anna enn å løfta talet på spelte kort. Med både Olav R og Martin utanfor topp sju vert det knallhard kamp om finaleplassen for flest kort. Martin har spelt 11 kort medan Olav har 12 kort på baken.
Store baneproblem på treninga i kveld. Det lukta svidd av motoren på kuleheisen på bane 1 og 2, så Terje, Dag og Atle brukte kvelden der. På bane 4 var det stadig overmating utan at me klarte å finna ut kvifor. Elles så var det mange ynskjer om god jul frå folket, men eg reknar no med å få spelt litt Freddan før jula tar heilt over. Fylg med i kalenderen.
------------
DAG 16:
Trond spelte tre kort for å prøva å ta tilbake trona i kveld, men det ville seg ikkje, så Tore held stand. I morgon er det klubbtrening igjen, så får me sjå om det vert nokre kort spelt og ev. rokeringar på resultatlista.
-------------
DAG 15:
Ikkje mindre enn 17 kort vart spelt i kveld, 1 på Voss og 16 i Øystese. Fire nykommarar kasta seg med. Både Brage (225) og Lars Audun (230) har eit snitt som ville gitt dei topplasseringar, men dei manglar nokre kort og dermed må dei finne seg i å stille litt bak i køen.
Tore spelte seg til topps medan Gaute klatra opp på 5. plass. Martin falt ut av topp sju, men ligg inne med flest kort. Det er jamnt som tykjen på lista; 16 pinnar mellom 5. og 8. plassen :)
-------------
DAG 14:
Det var Martin og Trond som var i aksjon og begge forbetra eit av korta sine. Trond ligg framleis på topp medan Martin klatra opp til finaleplass.
--------------
DAG 12:
Når me ruslar inn mot helg vart det spelt kort både på Voss og i Øystese. Lars S Pedersen kombinerte Vossabyggmeisterskapen med Kjegletrimmen og registrerte sitt første kort. Håkon Vik spelte også sitt første kort i kveld. Kjekt å sjå at han igjen er klar for å levere kulene langs parketten. Elles så spelte Dag og Olav kvart sitt kort. Dag spelte sitt 3. kort og klatra med det opp på siste finaleplassen. Sebastian ligg over på snitt, men han manglar eit kort.
-------------
DAG 11:
Fjorårets vinnar av Kjegletrimmen, Olav Ludvig, spelte sitt opningskort på Voss i dag. Uvante banar får vel ta litt av skulda for det dårlege resultatet. Håpar karen snart vert å sjå på parketten i Øystese igjen.
--------------
DAG 10:
Kjekt med mange på trening i kveld og mange kjeglekort spelt. Ein del bra kort vart det, men topptroikaen Trond, Frank og Terje held førebels stand. Det vart også satt to banerekordar i dag. Gaute spelte på bane 2 og fekk 247 på siste serien på kort 3, medan Tore spelte 225 på sitt første kort på bane 3.
-------------
DAG 9:
Ny spelar på tavla i dag. Tore Tellevik spelte sine to første kort i kveld. Noko forsiktig opning, men han kjem nok sterkare igjen. Underteikna kasta seg også med og forbetra eit kort, så no krabba eg såvidt forbi Terje opp på 2. plass på lista.
------------
DAG 8:
Tre nye kort spelt i kveld. Olav R forbetra eit av sine kort og klatra opp på 5. plass. Lars Endre spelte sitt kort nr. 2, men det var ikkje same kvaliteten som hans første kort, så han datt litt nedover på snittlista. Terje spelte også eit kort, men hadde betre kort frå før.
-------------
DAG 7:
I dag fekk Frode S med seg eit par vossingar til på kjeglespelet. Og dei spelte ikkje mindre enn tre kort kvar når dei først var i gang. Martin Istad opna best med 613 i rein score, men roa ned på kort to og tre. Trond Johansen opna litt roleg, men avslutta med eit glimrande kort på 620 i rein score og klatra med det forbi formann Terje.
-------------
DAG 5:
To mann i aksjon i dag; Frode S på Voss og underteikna i Øystese. Eg inviterte til freddan med kjegletrim, men det er tydelegvis vanskeleg å tevla med andre fredagsaktørar. Frode spelte eit kort i dag medan eg spelte tre kort. To av mine kort vart teljande og eg klatra opp på topp tre.
----------------
DAG 4:
Ingen kvemmingar i aksjon, men Frode sponsa premiepotten med eit nytt kort utan at det endra på lista. Han ligg framleis på 3. plass.
-----------------
DAG 3:
I dag var det aktiviteter både på Voss og i Kvam. Frode S er framleis einsleg vossing på parketten, men i Øystese var det fleire nykomarar som kombinerte veteranliga med kjeglekort. Ikkje dei heilt ekstreme korta, men nokre gode var det; Terje spelte eit bra kort på 668 og Lars Endre debuterte med 648.
------------------
DAG 2:
Og plutseleg hadde me vossaavdelinga med oss. Frode Stalheim spelte to kort i dag og la seg tett opp mot Terje. Trur litt av årsaka til at ikkje fleire vossingar har kasta seg på endå, er at dei ikkje har skjønt at seriane kan kombinerast med bedriftsspelet deira.
---------------------
DAG 1:
På kveldens første kvalifiseringsdag i årets Kjegletrim tok Terje Høysæther kommandoen med eit kanonkort (3 seriar) på 696 inkl. hcp. Olav og Frank vart statistar med 576 og 512 på kortet og meir eller mindre fortvila tilskodarar til formannen sine herjingar. Heldigvis vart det noko jamnare når kort nr. 2 skulle spelast. Terje spelte 605, Olav 639 og underteikna 667 med ein bra siste serie på 290 inkl. hcp (276 i rein score - så baneparrekorden din rauk nesten, Gaute ;).
Dermed er me i gang med kjegletrimmen og Terje toppar. Har ikkje høyrt eit knyst frå Voss endå, men håpar dei kastar seg med.