Kvam - Østfold2: 1-3 (veteranliga)
I kveld var det veterankamp mot Østfold2, eit lag som me har sjans om å kjempa med. Slik også i kveld. Østfold2 spelte sin kamp sist måndag, så me hadde resultatet deira å spela på utan at det gjer nokon forskjel. Ein spelar jo så godt som ein kan uansett.
Østfoldgjengen opna svakt i første serien og der nytta kvemmingane høvet og sikra seg poenget med 71 pinnars magin. I serie nr 2 falt me litt ned på gamle synder og gjekk på eit tap på 40 pinnar. Sjølv om me gjorde vår beste serie til slutt, så vart det likevel ikkje nok verken til det poenget eller totalen då Østfold2 spelte ein knallserie på 926 mot våre 853.
Men laget vårt kan klappa seg på skuldra og vera godt nøgd med kveldens prestasjon. Alle saman nytta også høvet til å kombinera spelet med kjegletrimmen som går no i desember. (sjå eigen artikkel).
Kampen vart overført live på vår youtubekanal:
https://www.youtube.com/watch?v=N-CaBAtWsTc