Åsane 1 - Kvam 1: 3-2 (lokalliga)
8. des. 2025, 22:44 av Frank Tangen
I ein tøff bortebatalje mot Åsane sitt førstelag tok me dei to første poenga og byrja bli høge på oss sjølve. Men det vart med dei poenga. Tredjeserien vår vart for laber og i serie 4 slo familien Hodel til med kjempeseriar og sikra dermed totalen også. Men 2 poeng i Åsane si leikegrind mot deira førstelag skal me vel vera nøgd med, sjølv om Mascot 1 nytta høvet til å snika seg eitt poeng framom oss etter halvspelt sesong.
Andrelaget vårt sin heimekamp mot Mascot sitt fjerdelag er utsett til neste måndag.
TABELL:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1658