Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kjegletrimfinale sundag 4. januar kl. 14

4. jan. 2026, 00:00 av Frank Tangen
Kjegletrim_RR_finaleoppsett.png

Etter ein utruleg spanande innspurt i kvalifiseringsrunden til kjegletrimmen er det no klart kven som vert dei åtte utvalgte. Desse er Martin, Brage, Lars, Frode, Frank, Trond, Gaute og Olav.

Sjølve finalen vert ein såkalla RR-finale. Det vil seia at alle spelarane skal møta kvarandre i ein kamp - totalt sju kampar. Kampoppsettet med justert hcp i parentes ser du i illustrasjonen over her (OPNE FØRST DENNE ARTIKKELEN VED Å KLIKKE PÅ OVERSKRIFTA, KLIKK SÅ PÅ ILLUSTRASJONEN FOR Å FORSTØRRE DEN). Vinnaren i kampen får 30 bonuspinnar i tillegg til det ordinære pinnefallet. Ved lik score inkl. hcp vil bonuspoenga delast med 15 til kvar. Etter sju rundar vil den som har mest poeng gå av med sigeren.

Det vert premiering til nr. 1, 2 og 3 med fordelingsnøkkelen 60%, 30% og 10%. Med 9500 i premiepotten vil premieringa bli slik:
- Nr. 1 får kr. 5700
- Nr. 2 får kr. 2850
- Nr. 3 får kr. 950

Oljeprofilen i finalespelet vil bli 2022 Starting House Pattern (43 ft):
https://patternlibrary.kegel.net/pattern/545fb956-b07e-ec11-8d21-0022480a1ca2

Finalen vert overført på vår youtubekanal med spelande kommentator :)
https://www.youtube.com/watch?v=RQfP7aHCx3g