NM for veteranar - påmeldingsfrist 19. januar
NM SGL/DBL FOR VETERANAR:
Alle spelarar som har gyldig lisens og fyller 50 år eller meir i 2026 kan delta. Spelarane vert delt i 3 aldersklassar for damer og herrer (50-59 år. 60 - 69 år og 70+), og spelarane i dei eldste klassene må oppfylle kravet om klassens nedre aldersgrense seinast same dag som meisterskapet startar. Det er klubbvis påmelding, fristen er 19. januar og pris per spelar er kr. 750.
STAD OG DATO:
Lucky Bowl Trondheim frå 3. til 8. februar.
SPELESTIL:
Alle klassar spelar 6 seriar amerikansk innleiande. Desse 6 seriane tel samtidig i dobbel-konkurransen. Det er 6 klassar også i dobbel-konkurransen, og klassen vert fastsett av yngste spelar om spelarane høyrer til to ulike klassar.
I Round Robin-finalen vert det gitt 30 bonuspoeng for siger og 15 poeng ved uavgjort.
Oljeprofil vert trekt seinast 48 timar før første pulje.
INVITASJON:
https://www.bowling.no/wp-content/uploads/2026/01/Invitasjon-NM-vet-2026.pdf