Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Gaute suveren vinnar av Kjegletrimmen

4. jan. 2026, 17:18 av Frank Tangen
Screenshot 2026-01-04 181338.png

Det vart ein kjekk finale med stort engasjement og ein del publikum. Me overførte også finalen på vår youtubekanal med delte kommentarar mellom underteikna og Tore.

Finalen var i formatet RR-finale der alle åtte spelarane møtte kvarandre i ein kamp, totalt sju kampar der siger i kampen gav 30 bonuspoeng i tillegg til pinnefallet.

Vinnar vart Gaute Øye Melstveit med 1795 inkl. bonus og 235 i snitt over 7 seriar. Frode Stalheim nr. 2 med 1683 inkl. bonus og Brage Tellevik vart nr. 3 med 1593 i score. Me gratulerer troikaen og takkar alle hjelparane.

Overføringa på youtube:
https://www.youtube.com/watch?v=RQfP7aHCx3g