Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kvam2 - Døve: 5-0 / Kvam1 - Åsane3: 1-4 (lokalliga)

5. jan. 2026, 22:34 av Frank Tangen
Screenshot 2026-01-06 110919.png

Opptur og etterlengta siger for Kvam2 i lokalligaens 2. divisjon. Verre var det med førstelaget som gjekk på ein kjempesmell mot Åsane3 som låg nestsist før dette oppgjeret. Ikkje heilt enkelt å seia kva som var problemet for førstelaget. Tore spelte bra med 783 over fire seriar, men både Gaute og Frank spelte under pari. Når så åsanegejngen fant ut av profilen så vart det stygge tal.

Veldig kjekt då at andrelaget vårt gjorde ein så flott figur. Finn spelte jamnt og bra og var den einaste av kvemmingane som spelte tre 200-seriar i kveld, men Tore slo han likevel på totalscoren.

Kampane vart overført på vår youtubekanal, men teknikar Frank hadde justert bakgrunnslyden noko for høgt slik at kommentarane undervegs forsvant i støyen. Men neste gong :)

Kampen kan du sjå her:
https://youtube.com/live/b3tJiFMr4WQ

TABELL 2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1659

TABELL 1. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1658