Kvam2 på veg mot toppen
I kveldens lokalligakamp på Kokstad leverte Kvam2 ein knallsterk kamp mot topplaget BBC1. Heimelaget vart knust 4-1. Med tre sterke lokalligarunder har kvemmingane flytta frå botnstrid tiil kamp om opprykksbilletten. Det er særs jamt i serien og me ligg berre 6,5 poeng bak BBC1 som framleis leiar.
For førstelaget gjekk det skikkeleg ille. Etter å ha tapt med stygge siffer på heimebane i forrige runde vart det endå verre i kveld. Me opna grusomt alle tre i førsteserien. I andreserien fekk Tore store problem med ryggen og det såg ut til at han måtte gje seg. Han fekk litt smertestillande slik at han klarte å slita seg gjennom kampen. Faktisk var me hakk i hel på Mascot i dei to siste seriane sjølv med 2,5 mann på laget.
TABELL 1. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1658&sesong=2025&runde=0
TABELL 2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1659&sesong=2025&runde=0