Vekespotto - oppstart onsdag 28. januar
Vekespotto er ein kamp mellom deltakarane der den som har høgaste enkeltserien inkl. hcp i perioden (ei veke) stikk av med vekespotto. For å delta må ein anten spela seriane på Voss eller i Øystese. Det er ubegrensa tal seriar og eit "vekespass" kostar kr. 50. Betaling til hallen for spelte seriar kjem sjølvsagt i tillegg.
Her får du opplista regelverket:
HANDICAP:
- Deltakar skal vera registrert i Vekespotto si hcp-liste (sjå Kvam BK si nettside)
- Er du ikkje registrert der, kan du senda snittet du trur du har til 41573625.
PÅMELDING:
- Det skal sendast sms til 41573625 FØR ein startar på ein serie
* skal fleire seriar spelast fortløpande kan det opplysast om dette i den første sms'en
PREMIERING:
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgaste enkeltserien den veka inkl. hcp
BETALING:
- Pris for eit vekes-pass: kr. 50 (vipps til 41573625) **
** Viss du lurer på kvifor vippsen ikkje går til klubben sin konto, så er det for å ha betre kontroll på at alle har betalt utan å måtta gå via kasserer i klubben
TID:
- Kvar veke frå og med onsdag til og med tysdag
Ingen begrensing på tal spelte seriar
Scoren til deltakarane vert henta frå Lanetalk sin livescore
Resultat og tal spelte seriar samt oppdatert hcp-liste vert fortøpande publisert på Kvam bowlingklubb si nettside