Kvam - Molde 0-4 (veteranliga)
Det vart smultring på veteranane våre mot Molde denne veka. Me var nesten 400 pinnar bak romsdalingane, så no blinkar det blått lys for nedrykk til 5. divisjon. Det er fem rundar igjen av serien og to av dei fem laga som gjenstår har lågare snitt enn våre 161; Skansen2 og Solør2.
Laget me kjempar med for å unngå den siste nedrykksplassen er Veitvet Senior sitt tredjelag. Dei har 163 i snitt, men møter tøffare motstand i sine resterande kampar, så det er håp i hengande snøre. Resultatet deira i denne runden er ikkje publisert endå, men truleg vant dei 4-0 mot seriens desiderte jumbolag Solør2 (som me skal møta i siste runde). I så fall har Veitvet-laget 16 poeng mot våre 13.