Tom Aasen vinnar av den første vekespotto
Tysdag 03.02.26:
Historias første utgåve av Vekespotto vart vunne av Tom Aasen. Tom spelte 231 i rein score på Voss på fredag og med hans hcp stoppa pila på 285. Berre fem deltakarar kasta seg med i denne runden; noko grunna misforståing av deltakaravgift som altså er kr. 50 for heile veka, og noko fordi Tom skrømde ev. deltakarar vekk med sin høge serie så tidleg i veka :)
DATA:
- Spelarar: 5 stk
- Seriar: 67
- Samla snitt: 165,0
- Høgste score: 285 (231)
- Premie: kr. 250,-
----------------
Måndag 02.02.26:
Ein heller rotete treningskveld med mykje banefeil gjorde at det ikkje vart gjort så mange forsøk på å løfte scoren i vekespotto. Men Finn fekk spelt fire seriar i kombinasjon med lokalliga og Atle, Olav og Frank fekk såvidt trilla nokre seriar. Tom kombinerte bedriftskamp med vekespotto på Voss.
-----------------------
Sundag 01.02.26:
Frank gjorde eit hederleg forsøk på å stjela vekespotto frå Tom i kveld, men mangla 6 pinnar på deling. Forsøket enda med ein 268-serie som gjev 279 inkl. hcp. Tom spelte nokre seriar på Voss i kveld, men tøffe baneforhold gav låg score.
---------------------------------
Fredag 30.01.26:
Denne vekespotto ser det ut til at Tom drar i land. I kveld spelte han fem seriar på Voss og fekk 231 i rein score i serie 2. Med hcp vert det 285. Så her er det skikkeleg utfordring for dei som vågar seg frampå.
---------------------
Onsdag 29.01.26:
Fem spelarar kasta seg med på vekespotto sin opningsdag. Atle kombinerte veterankamp med vekespotto og opna med sterke 186 i rein score og 245 inkl. hcp. Ein god start og ei bra utfordring til andre deltakarar, men det spørst om den held heile veka.
Denne vekespotto varar til og med tysdag, så onsdag 4. februar startar me med blanke ark på ny vekespotte - og som sagt: Det kostar ein femtilapp å bli med - då spelar du så mange seriar du orkar frå onsdag til tysdag.