Olav Røyrvik vinnar av vekespotte nr. 2
Vekespotte nr. 2 gjekk til Olav Røyrvik etter hans knallserie på måndagstreninga. Men det var med minst mogeleg margin; ein pinne meir enn Tom Aasen inkl. hcp. Me gratulerer veteranen og ynskjer folket velkomen til vekespotte nr. 3. Vert det like spakt med påmelding som i dei to første så spøker det for potte-eksistensen. Ein 50-lapp for ei heil veke burde vera overkomeleg.
Vil du vera med så sender du ein sms til underteikna og vippsar kr. 50 til 41573625.
Handicap vekespotte 3:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12562&Tittel=VekespotteSnit...
-------------
Måndag 09.02.26:
Bedriftsseriar på Voss og klubbtrening i Øystese. Tom spelte tre seriar for Sylsmidja på Voss, men seriane var ikkje noko å skriva heim om. Lagkamerat Frode Stalheim derimot løfta taket med ein serie på 237, men Frode S har tilliks med Martin ikkje kasta seg med på vekespotto. Begge ville ha toppa potto med 276 inkl. hcp denne veka :)
I Øystese var det måndagstrening og Olav Røyrvik nytta den godt. Han sydde saman ein 211-serie og sneik seg 1 pinne forbi Tom Aasen med hcp. Den nye toppen er dermed 252 når me går inn i siste døgeret for Vekespotte nr. 2.
----------------------------
Sundag 08.02.26:
I dag var det spel både i Øystese og på Voss. I Øystese var ekteparet Hansen inne for å fiksa banar og trilla nokre seriar i tillegg, men ingen av dei har førebels kasta seg på vekespotto, så dei står i grått.
På Voss var det månadscupdebut der 12 frå Voss og 2 frå Kvam deltok. Tom, Olav R og Frank spelte teljande seriar, medan vinnaren Martin og 10 andre vossingar endå ikkje har fått fingeren ut; verst for Martin som slo til med 257 i rein score noko som ville gitt 276 i pottepoeng. Tom opna sterkt med 199-serie og 251 inkl. hcp, så det er den nye tasken når me går inn i dei to siste dagane av vekespåtto denne perioden.
-----------------
Onsdag - laurdag:
Ein heller roleg start på vekespotto. Fem spelarar prøvde seg i Øystese onsdag, men baneproblem gjorde at det ikkje vart så mange seriar på gjengen.
Tom Aasen spelte tre seriar på Voss torsdag i tillegg til onsdagsøkta i Øystese og er den som førebels toppar i eit jamt heat. Olav prøvde seg i tre seriar på Freddan, men scoren vart ikkje den heilt store.