Ove Fonn med gull i singel og sølv i dobbel under veteran-NM
Nestoren frå Samnanger fortsetter å imponere. Denne helga var han i Trondheim og plukka med seg ein gullmedalje i singel i klasse HC og ein sølvmedalje saman med Stefan Palmer i dobbel klasse HB. Rett og slett utruleg imponert over det 75-åringen presterer på parketten.
(foto: Norges bowlingforbund)
------------------------
Etter innleiande rundar leia vår tidlegare klubbkollega Ove Fonn klasse HC med 1216 i rein score på 6 seriar og 1270 m/hcp. Innleiande seriar telte som både singel og dobbel og vedlagt skjermdump viser kampen om gullet i dobbel. Ove og Stefan Palmér fekk sølv, men var nære på gullet som dei tapte med 5 pinnar mot Runar Almestrand og Vidar Gjelstad.
I semifinalen fortsatte Ove med det solide spelet og toppar klasse HC med meir enn 100 pinnar før RR-finalen sundag. Stefan er også vidare til semifinalen som startar kl 17 for klasse HB. Dei seks beste i kvar klasse frå semifinalane går vidare til RR-finalar sundag kl 10.
Kun tre spelarar frå Bergen bowlingkrets deltar i NM. Tredjemann er Kenneth Hodel-Olsen frå Åsane som også kom seg til semifinalen i klasse HA, men det vart for tøft å karra seg vidare. Han enda på 8. plass 10 pinnar for kort til finale i sin veteran-debut. Janne Monsen frå Sotra spelar også semifinale i klasse DB kl. 17, men ho spelar for Molde bowlingklubb denne sesongen.