Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Martin vinnar av månadscup-debuten på Voss

8. feb. 2026, 17:15 av Frank Tangen
Screenshot 2026-02-08 172705.png

Som nemt i tidlegare artikkel så har Voss bowlingklubb no starta med sin eigen månadscup. Denne vil gå kvar andre sundag kl 1030 og er open for både vossa- og kvammamedlemer. Det vert hcp også i denne turneringa, men kanskje ikkje identisk med vår hcp-liste.

I dag reiste Olav Røyrvik og underteikna opp for å utveksla og delta i turneringa. Olav låg bra an etter tre seriar, men punkterte i sisteserien. Frank hadde tre ok seriar, men ein katastrofal 3. serie øydela. Den suverene meisteren i debutrunden vart Martin Istad med 896 inkl. hcp. På dei neste to plassane fulgte Frode Stalheim med 853 og Frode Oksnes med 839.