Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Jamn veterankamp i kveld?

11. feb. 2026, 11:23 av Frank Tangen
Screenshot 2026-02-11 110437.png

Veteranlaget vårt er i beit for poeng, men i kveld byr det seg eit høve. Me skal opp mot Orkla2 som ligg midt på tabellen. Men snittet deira er ikkje så mykje høgare enn vårt og dei varierer stort frå runde til runde. Grafen over viser at me spelte høgare score enn dei i fem av dei tolv spelte rundane til no.

Men no skal det seiast at dei har hatt ein betre periode dei siste rundane enn det me har hatt. Begge laga har berre eitt poeng på dei tre siste kampane, men Orkla2 har eit snitt på 163 mot våre 158 i perioden og dei har møtt to av topplaga (Gjøvik2 og Kristiansund).

TABELL:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1656&sesong=2025&runde=0