Brage vinnar av vekespotto nr. 3 med sterke 282
Brage sin kanonserie frå fredag heldt heilt inn i denne runden av vekespottto. Me gratulerer ungdomen med sigeren. Med 13 deltakarar byrjar potto å bli attraktiv.
-------------
MÅNDAG 16.02.26:
I kveld var det ikkje bedrift og heller ikkje frispeling på nokon av vossingane, men i Øystese var det ein del som kombinerte lokalligaspel med vekespotto. Tre nye vekesdeltakarar kasta seg med på leiken, men Brage stod støtt med sine 282 pinnar.
Onsdag startar ny vekespotte, så no er det berre tysdagen igjen av denne potto som no er oppe i kroner 650.
------------------------
LAURDAG 14. og SUNDAG 15.02.26:
Laurdag gjorde Frank og Olav forsøk på å nærma seg Brage sin vekespott på 282. Forsøket enda med at Olav løfta seg litt oppover, men langt ifrå nok. Gaute var også med på laurdagstreninga, men har ikkje teikna seg på vekespotto denne veka. Han var dog den som absolutt har vore nærast med 279 i rein score. Med 0 i hcp ville det uansett vore for lite til å tukta Brage.
Sundag spelte Frode O og Martin ein del seriar på Voss - og enkelte bra seriar, men 282 er ei tøff oppgåve.
---------------------
Oooops! Freddan vekte vekespotto verkeleg til liv. Først var Dag ute med ny bestenotering på 211 i rein score og 257 inkl. hcp. To pinnar meir enn Frode O. Så fekk me eit par til med på vekespotto og yngstemann Brage smelte like godt til med ein 217-serie. Med hcp på 65 enda pila på 282 som er den nye utfordringa når me går inn i helga.
-----------
ONSDAG 11.02.26:
Åtte spelarar har førebels meldt seg på den nye vekespotto, og det vart spelt høge seriar både på Voss og i Øystese opningsdagen. Etter totalt 52 spelte seriar skil det berre 8 pinnar mellom toppresultata til dei seks beste spelarane. Tenker me satsar på ein freddan i Øystese for å kjempa vidare.