Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kvam1 - Mascot2: 5-0 / Kvam2 - Vestkanten: 3-2

17. feb. 2026, 00:13 av Frank Tangen
Screenshot 2026-02-17 021200.png

To lokalligakampar på heimebane denne runden, Førstelaget tok imot Ove sitt lag Mascot2 medan Kvam2 fekk Vestkanten på vitjing. Solid spel av førstelaget, ikkje minst av Gaute som sanka 980 pinnar (245 i snitt) på sine 4 seriar, gav smultringar på heimvegen for Mascot2. Vestkanten var nok litt meir nøgde med sin bortekamp. Det vart ein tett og jamn kamp der kvemmingane såvidt sneik seg til totalen og sigeren.

Med desse resultata ligg begge våre lag på 3. plass i sin divisjon. Kvam2 ligg berre 1,5 poeng bak BBC1 og Åsane4, men Åsane har ein kamp mindre spelt. To lag frå 2. divisjon rykker opp til 1. divisjon, så me er absolutt med i den kampen. Om det er ynskjeleg med to kvammalag i 1. divisjon er ein anna diskusjon...

STREAM AV KAMPEN:
https://www.youtube.com/watch?v=y8WDfXdedLQ

TABELL 1. DIV:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1658&sesong=2025&runde=0

TABELL 2. DIV:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1659&sesong=2025&runde=0