Delt vekespotte mellom Tore og Frank på 248
Det vart gjort særs gode forsøk på å løfta potta både i Øystese og på Voss i dag. Frank spelte 246 i Øystese, Frode Stalheim spelte sin andre 244-serie og Frode Oksnes løfta seg til 247 inkl. hcp., men ingen passerte den magiske 248-grensa. Dermed vart det delt vekespotte mellom Tore Tellevik og Frank Tangen denne runden og kr. 250 på kvar.
I morgon startar vekespotto nr. 5 med justert hcp-liste.
---------------
MÅNDAG 23.02:
I kveld var det trening i Øystese og bedriftskampar på Voss. Begge Frodane var i aksjon. Stalheimen var den som kom nærast med 214 i rein score og 244 m/hcp. På klubbtreninga i Øystese var me atter ein gong berre tre stk.; Olav, Tore og underteikna. Ser det er store forskjelar på aktivitetsnivået på Voss og i Øystese. Dei to vossingane i pottespelet denne veka har spelt 56 seriar! Kvemmingane klarar seg stort sett med 4.....
På treninga spelte Tore solide 224 i rein score med ny startposisjon for kula og med det tangerte han vekespotto på 248. Om det vert spel i morgon er særs usikkert i Øystese, men vossingane står kanskje på.
-----------------------
SUNDAG 22.02:
I Øystese vart det spelt månadscup i kveld med bra deltaking. Mange av deltakarane kasta seg også med i vekespotto og løfta den opp i ein halv tusing, Men det var ingen i dag som klarte å heva toppen over makelege 248. Med to dagar igjen er det framleis håp om forbetring. I morgon kl 18 er det trening i Øystese, så kanskje... Elles så er jo dobbelt-Frode på Voss kapable til å scora langt over det som trengst.
-------------------
FREDAG 20.02:
Frode S og Frode O tok kvar sine økter på Voss i dag og løfta seg nokre pinnar, men ikkje nok til å setja ny toppoppgåve. Så overkomelege 248 er framleis oppgåva for dei som blir med.
--------------
ONSDAG 18.02:
Fire stk på trening ein onsdagskveld. Det er rett og slett elendig rett før ny månadscup. Er det nysnøen som har lurt folket på skitur eller er det opplading til mesterligakampane som er årsaka. Roleg også på Voss der Frode Stalheim starta den nye pottekampen med forsiktige 218 inkl. hcp. Njål Skulstad var ein av dei fire på treninga i Øystese og han enda ein pinne bak Frode. Best etter første dag er underteikna med 248 inkl. hcp.
*******************
INFO VEKESPOTTO NR. 4:
- Periode: onsdag 18/2 - tysdag 24/2
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgaste enkeltserien inkl. hcp
HANDICAP FOR VEKESPOTTO NR. 4:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12571&Tittel=Hcp%20M%C3%A5nadscup...