Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Terje vinnar av månadscup for februar

22. feb. 2026, 20:38 av Frank Tangen
Screenshot 2026-02-22 220137.png

Det vart ein spanande månadscup der vår formann Terje Høysæther drog det lengste strået til slutt. Han opna med ein kanonserie på 194 i rein score og klarte å tvihalda på leiinga heilt inn. Før sisteserien var kobbelet hakk i hæl på han, men som sagt så heldt han stand. Olav Ludvig Haabrekke vart næraste utfordrar 20 pinnar bak Terje.

Me gratulerer dei to premievinnarane og takkar både langvegsfarande og dei meir kortreiste for deltakinga.

Kampen kan sjåast på vår youtubekanal:
https://www.youtube.com/@KvamBowling