Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Frank vinnar av vekespotto nr. 6

10. mars 2026, 23:50 av Frank Tangen
Screenshot 2026-03-10 235558.png

Tysdag 10. mars:
Berre Martin gjorde forsøk på å henta inn vekespotto nr. 6 på den siste teljande dagen. Tretten seriar vart spelt utover ettermiddag/kveld på Voss, men potto vart aldri trua. Dermed kan Frank notera siger nr. 2 i den seks vekers gamle pottekampen.

-------------
Måndag 9. mars:
Rimeleg bra speling på treninga i Øystese i kveld, men ingen ny bestenotering. Problema med livescoren ordna seg ved å bruka svensketasten på nettverket (restart).

På Voss var det bedriftsspel med tøffe baneforhold, så heller ikkje dei klarte å gjera noko med vekestoppen. Dermed ruslar me inn i siste døgeret til vekespotto nr. 6 med 269 som utfordring.
--------------
Sundag 8. mars:
Etter eit par rolege dagar fyrte Frode Oksnes kula i gang igjen på Voss. 14 seriar vart unnagjort på no time og han kom rimeleg tett på Gaute sin 268 frå onsdag, men det stoppa på 254 med åtte strike og to sparemiss. Martin og Frode tok nokre kveldsseriar, men klarte ikkje å forbetra seg.

I Øystese hadde Olav R og Frank ettermiddagstreff og spelte sju seriar kvar. Olav spelte stødig og løfta seg oppover lista med to 184-seriar i rein score som gav 226 m/hcp - pent, men ikkje nok til å trua Gaute. Men underteikna fekk til ein solid serie på 259 og med 10 i hcp enda pila på 269 - 1 pinne meir enn Gaute sine 268.

Så når me går inn i dei to siste dagane av potte nr. 6 er 269 det magiske talet. I morgon er det klubbtrening i Øystese, så kanskje nokon løftar potto til nye høgder?

Livescoren i Øystese svikta i helga. Siste registrering er fredag. Anar ikkje kva som er problemet, men håpar å finna ut av det i morgon.
-----------------
Torsdag 5. mars:
Kun Frode i aksjon i dag. Han spelte ein ny bedriftskamp for Nedtur og scoren stod i stil med namnet, så ingen endringar på lista to dagar inn i perioden.

------------------
Onsdag 4. mars:
Mykje bra speling både i Øystese og på Voss under første dag av vekespotto nr. 6. Førebels har sju stk tatt utfordringa og blitt med på pottejakta; to på Voss og fem i Kvam.

Forrige rundes potte sikra Gaute seg med ein makeleg 246-serie. Me får tru at maks-score denne runden vert noko høgare. Ni spelarar kasta seg med sist veke og spelte totalt 104 seriar i perioden med eit samla totalsnitt på 168.
_____________________
INFO VEKESPOTTO NR. 6:
- Periode: onsdag 4. - tysdag 10. mars
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgaste enkeltserien inkl. hcp
- Hcp vekespotte 6: https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12593&Tittel=HCP%20potto%20nr.%206
___________________________________
TIDLEGARE VINNARAR:
Nr. 1: Tom Aasen (285), nr. 2: Olav Røyrvik (252), nr. 3: Brage Tellevik (282), nr. 4: Tore Tellevik og Frank Tangen (248), nr. 5: Gaute Øye Melstveit (246), nr. 6; Frank Tangen (269)