Kjem veteranlaget seg opp av gjørma?
I kveld venta det ein tøff kamp for veteranlaget vårt mot Rana i runde 14 av 17 denne sesongen. Me ligg på nedrykksplass i 4. divisjon og treng sårt poeng. Motstandar Rana ligg på 5. plass med eit spelesnitt på 175, meir enn 10 pinnar over vårt snittt på ca 163, så kveldens oppgåve var heftig, men me innfridde.
Kvam sin kamp vart overført på vår youtubekanal. Rana spelar truleg sin kamp torsdag. Me klarte også denne runden å halda oppe nivået frå sist runde mot Orkla2, så Rana må overgå seg sjølve for at ikkje me skal få poeng. Tore vart vår bestemann med 609 i totalscore og 203 i snitt over tre seriar.
TABELL:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1656&sesong=2025&runde=0
YOUTUBE:
https://www.youtube.com/@KvamBowling