Litt diagramleik i veteranligaen
I skjermdumpen over her ser du totalscoren til veteranlaget vårt i alle dei 14 rundane me har spelt (blå kolonner). Det står 3 rundar igjen og eg har leika meg med å leggja inn diagramlinjer for dei tre motstandarane våre for å indikera styrkeforholdet. Og som de ser så er det berre Sølvkula2 som scorar jamt betre enn oss. Skansen2 har spelt ganske likt med oss medan Solør2 stort sett har hatt dårlegare score enn Kvam. Så ut frå desse tala bør me klara å redda plassen i 4. divisjon.
Dei to siste kolonnene viser tydeleg effekten av å toppa laget. No er jo ikkje det noko mål i seg sjølv, men for nett å redda plassen i divisjonen så var det vel ok. Neste kamp er mot Sølvkula2 så kanskje me skal gjera det i den kampen også, men så gå attende til meir solidarisk laguttak for dei to siste kampane?
TABELL VETERANLIGA 4. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1656&sesong=2025&runde=0