Veteranlaget over nedrykksstreken
Då var endeleg resultata frå dei to siste veterankampane våre registrert. Mot Orkla2 spelte me knallbra medan dei hadde sin dårlagaste kamp for sesongen, så den kampen vant me suverent. Les kampreferatet her:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/nyheter/?id=23833
Mot Rana sist veke var det meir tvil om korleis poenga ville bli fordelt. Spesielt førsteserien vår var litt svak, men den heldt med 13 pinnars klaring og me vant den kampen også og rykka med det opp á poeng med Skansen2 som no har overtatt siste nedrykksplassen.
Me skal opp mot Skansen2 neste veke, men onsdag denne veka er det tøff motstand mot Sølvkula2 som ligg på 4. plass i divisjonen.
TABELL:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1656&sesong=2025&runde=0