Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Vossabyggmeisterskapen i singel og dobbel

11. mars 2026, 10:25 av Frank Tangen
vmvoss.png

Palmefredag 27. mars vert det ny runde med VM på Voss. Rett før jul deltok Njål, Gaute og underteikna i denne kveldsturneringa og kan trygt melda at dette er ein bowlingkveld ein gjerne tek omatt. Fantastisk stemning heile kvelden der spelarar og publikum verkeleg var engasjerte i det som gjekk føre seg på parketten.

No har eg ikkje så mykje detaljinfo om akkurat denne kvelden, men dette var data før jul og det er sikkert same opplegget/prisar:
- Tid: Fredag frå kl. 16.00
- Stad: Voss bowling

- Singel: 3 rundar, ferdigspelt til kl 20.30.
* Pris kr 250,-
* Dei 6 beste går vidare til finale, start kl 20.30, og det blir sluttspel mellom dei 2 beste.

- Dobbel: 2 rundar x 2 pers, ferdigspelt til kl. 20.30.
* Pris kr 400,- per lag.
* Blir finale mellom dei 2 beste laga.

- Arrangementet er ikkje i regi av Voss bowlingklubb, men av hallen, så påmelding vert å senda til post@vossbowling.no el til Mona: 415 64 111