Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kvam - Sølvkula2: 4-0 (veteranliga)

11. mars 2026, 20:57 av Frank Tangen
Screenshot 2026-03-11 205732.png

Ny kjempekamp av veteranlaget vårt i kveld og ny 4-poenger. Med 3 poeng ned til nedrykksstreken treng me i verste fall 5 poeng på dei to siste kampane for å vera sikre på å behalda plassen i 4. divisjon. Så plassen er ikkje så trygg som underteikna trudde.


Tore var igjen lagets bestemann. No med med sterke 210,7 i snitt over tre seriar. Han sikra seg også førebels toppen i vekespotto som starta på ny i dag. Det ser ut til at dei fleste spelarane trivest godt med profilen me har hatt i det siste. I tillegg har sparespelet generelt løfta seg og slikt blir det fort poeng av.

Dei to kampane som står igjen i sesongen 25/26 er mot Skansen2 neste veke og mot botnlaget Solør2 9. april. Grafen over viser våre kampar denne sesongen som blå søyler og våre to motstandarar som strekar for å vise styrken mellom laga gjennom sesongen.

TABELL:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1656&sesong=2025&runde=0