Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Hans Erik vinnar av månadscup på Voss

16. mars 2026, 15:13 av Frank Tangen
mndcupVossMars.png

- Du må opne artikkel og klikke på ill. for å få den lesbar.
--------------------------
Det er to særs viktige treningsfaktorar innan all idrett; teknikk og presisjon. For å forbetra teknikken treng ein hjelp og gode råd av dei som veit betre. Når det gjeld presisjon så handlar det mykje om mengdetrening.

Eit godt døme på resultat av mengdetrening fekk me i månadscupen på Voss. Hans Erik Bjerkelund har den siste månaden spelt opp mot 100 seriar. I går fekk han betalt for dette då han heldt sparemissane nede på eit minimum. Kombinert med ein god dag på parketten enda han opp med ein klar siger sjølv om Gaute som næraste utfordrar spelte over 230 i snitt.

Dette var den andre månadscupen på Voss og klubben virkar tent på å fortsetja med dette. Neste cup blir truleg sundag 12. april. Elles så slit Voss BK litt med det same som oss, men likevel på ein anna måte. Dei har dårleg frammøte på sine organiserte treningar, men likevel høg aktivitet.

Vossingane tykkjer samarbeidet med Kvam er kjempebra og ynskjer å utvikla det ytterlegare. Underteikna foreslo at me kunne melda på samarbeidslag i landsligaen neste sesong. Per no så har me jo samarbeidslag i lokalligaen, men utfordringa der er at det kolliderer med bedriftskampane på Voss.