Martin vinnar av vekespotte nr. 8
- Du må opne artikkel og klikke på ill. for å få den lesbar.
-------------------------
Håkon prøvde seg med nokre seriar siste vekespottedagen, men Martin stod imot og sikra seg vekespotto nr. 8. Potto hadde bra deltaking denne runden så det svevar kr. 550 digitale kroner via vipps til den sympatiske vossingen. Me gratulerer!
Hugs å bli med på vekespotto nr. 9 som startar onsdag 25. mars.
------------
Måndag 23. mars:
Berre Frode S og Frode O i aksjon i dag, og ingen av dei fekk noko særleg ut av dagen. Dermed står Martin på topp når me går inn i siste døgeret av vekespotte 8.
------------
Sundag er den store dagen på Voss. Då har dei silkeføre og kan tevla med kvemmingane som alltid spelar på nypreparerte forhold. I dag fekk me ein ny mann med på lasset; velkomen til Håkon Trettenes frå Voss. Han opna like godt med ein 263-serie inkl. hcp, men som den årvåkne lesaren har fått med seg så er det ikkje nok til å toppa.
Martin Istad har vore med lenge og er ein av dei mest stabile av vossingane. I dag sendte han eit skrømeskot til Trond då han låg an til å passera vossafrenden på veg inn i tiarruta. Men trur du ikkje den hårfagre sette spitt 4-9 i tiarruta. Men jaggu klarte han splitten og trong ein niar for å dela trona med Trond, men det ville seg ikkje. Kjegle 3 og 6 stod stolpe igjen og Martin kom ein for kort. Men halvtimen seinare var det likevel kveld for Trond. Då måka Martin inn 249 i rein score og 287 m/hcp.
I Øystese skulle det vera veterankamp og pottespel, men utleige og trøblete oljemaskin sette ein effektiv stoppar for det.
-----------------
Fredag 20. mars:
Einaste spelaren som var i aksjon i dag var Frode S på Voss. Han spelte seks seriar og løfta seg opp til 261. men det var 13 pinnar for lite til å vippa Trond ned frå trona.
--------------------
Torsdag 19. mars:
To vossingar til med på denne vekespotte. Frode O og Frode S prøvde seg på Voss, men det såg ikkje ut til å vera optimale forhold. Trond valgte ein anna taktikk: Han kasta seg med Tom på treningstur til Øystese og det betalte seg. Trond spelte eit snitt på 189 over 12 seriar og forbetra vekespotto ikkje mindre enn tre gonger; først tangerte han Randi sine 262, så løfta han seg til 270 før han enda dagen med 273.
Med ekstra doser hcp er eg slett ikkje sikker på om det held heile vegen, men ei fin utfordring er det.
-------------
Onsdag 18. mars:
Åtte spelarar meldte seg på første dag av ny vekespotte. Martin og Frode S på Voss samt 6 spelarar som stilte på kveldens trening i Øystese.
Mykje god speling og rikeleg med hcp etter nytt utrekningssystem gjorde at stemninga var rimeleg høg i kvammahallen. Randi og Svenn Rune tok turen frå Askøy, og Randi sette like godt toppen av kveldspotto to gonger (259 og 262) etter at formann Terje først hadde løfta den til 258.
Trur at scoren i denne potteutgåva vert rimeleg høg, men 300 er uansett makstak på potto. Dette fordi det skal vera mogeleg for alle uansett hcp å vinna potta.
------------
Ny vekespotte startar onsdag og me endrar på korleis hcp vert rekna ut for vekespotto.
Vekespotto ynskjer å ta utgangspunkt i snittet til den spelaren med høgste snittet på lista i staden for 200 som me har hatt til no. Maksgrensa på 75 i hcp er også fjerna slik at spelarar får hcp ut frå differansen på sitt snitt og spelaren med høgste snittet.
DØME:
Gunnar er den beste spelaren med eit snitt på 221 medan Svein har eit snitt på 104. I vekespotto vil då Gunnar få 0 i hcp medan Svein får 221-104=117 i hcp.
Dei faktorane som er teljande for hcp per dato er:
NBF, Kjegletrimmen, Månadscupane på Voss og i Kvam, Bedriftsserien på Voss, Vekespotto totalt, Vekespottesigrar.
Alle desse har lik vekting.
Grunnen til at ein siger i potto skal vektast like mykje som heile sesongen i Norges bowlingforbund er for å redusera sjansen for at same spelar vinn potto gong etter gong.
-------------------------------
INFO VEKESPOTTO NR. 8:
- Periode: onsdag 18. - tysdag 24. mars
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgaste enkeltserien inkl. hcp. Maks 300!
- Hcp vekespotte 8:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12612&Tittel=HCP%20potte%208