Vekespotte nr 9 til Tore Tellevik
Ingen seriar levert av dei registrerte i vekespotte 9 i dag. Dermed sikra Tore seg vekespotto med kanonserien som han leverte allereie torsdag.
Eg snokar jo litt på andre spelarar enn berre dei som er med på potto og registrerer at den einaste som ville slått Tore denne veka er mystiske Charles på Voss. Han spelte ikkje mindre enn 49 seriar i perioden og ville fått 60 i hcp ut frå det han tidlegare har spelt. Onsdag smelte han til med 235 i reiin score og ville fått 295 viss han var med. Men det var han ikkje og me gratulerer Tore med pottetittelen denne veka.
-------------
Måndag 30. mars:
Olav Ludvig og Frank spelte nokre seriar på klubbtreninga i kveld, men ingen av oss trua Tore sin toppnotering. Då er det berre ein dag igjen av potte nr. 9 og Tore kan sikkert leggja 350 kroner ekstra inn i påskebudsjettet.
------------
Sundag 29. mars:
I dag vart det spelt ein del gode seriar på Voss og i månadscupen i Øystese. Før oppstart av månadscupen kom Frode Oksnes med ei oppmoding om å delta i vekespotto. "Det kostar ikkje meir enn ein sjokolade og du får spaning ei heil veke" var vossingen sine visdomsord.
Frode hadde ein god dag på parketten og vant heile månadscupen og han var styggeleg nær å vippa Tore ned frå vekespotte-toppen også. 5 pinnar skil dei to kamphanane når me går inn i dei to siste døgera av vekespotte 9.
I morgon (måndag) er det lagt opp til klubbtrening kl. 18 i Øystese, så då får me sjå om det er fleire som vil utfordra Tore i kampen om vekespotte nr. 9.
-----------
Torsdag 26. mars:
Snakk om å knusa potto før ho er komen skikkeleg i gang!
Etter at Martin sette ei fornuftig og høveleg oppgåve for folket med sine 260 inkl. hcp. kasta Frode O og Tore seg med i denne potteversjonen. Frode spelte også sindig og fornuftig, men Tore derimot brukte ein (1) serie på å staurjaga alle aktuelle kandidatar frå å delta. No vil det truleg berre bli sjølvplagarar eller nokon med ubegripeleg stort ego som kastar seg med.
Diagrammet over viser scoren med og utan hcp for alle vekespottene i år. I vekespotte nr. 4 vart det deling på topp.
------------
Onsdag 25. mars:
Martin fortset der han slapp i forrige potte. 236 i rein score gjev 260 inkl. hcp. I Øystese var det rolege tilstandar då oljemaskina framleis ventar på deler, men Olav Ludvig og Frank fekk likevel sendt nokre kuler nedover parketten på gamal smurning.
Palme- og påskepotter er på gang. Med utgåve nr. 9 av vekespotto ruslar me inn mot palmehelga der potto sjølvsagt kan kombinerast med Vossabyggmeisterskapen på Voss fredag og månadscup i Øystese sundag.
INFO VEKESPOTTO NR. 9:
- Periode: onsdag 25. - tysdag 31. mars
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgaste enkeltserien inkl. hcp. Maks 300!
- Hcp vekespotte 9:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12621&Tittel=HCP%20potte%209