Martin og Trond nr. 1 i dbl og Gaute på topp i sgl på Voss
Ti medlemer frå Kvam bowlingklubb deltok i vossabyggmeisterskapen palmefredag, og dei forsynte seg grovt av premiebordet. I dobbel vart det finalespel mellom Martin/Trond og Frode S/Frode O. Det vart ein jamn kamp, der Martin og Trond drog det lengste strået.
I singelspelet vart det også stor dominans av kvammamedlemer. Det vart ein spanande semifinale der Gaute opna med to splitthol på dei tre første rutene, men kjempa seg fram med seks strike som avslutning i kampen mot Andreas som på si side klarte å ta ein 7-10-splitt i rute 8. Tore leia semifinalen frå start til mål, men i finalen mot Gaute hadde han ikkje meir å gje og måtte bøya seg i støvet for Gaute som gjekk heilt til topps.
Dobbeltparet Gaute og Lars SP stilte med kveldens suverent stiligste speleantrekk.
Bilete viser fire blide semifinalistar klare til dyst.
- Fotograf: Frode Oksnes