Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Frode Oksnes vinnar av månadscup for mars

29. mars 2026, 19:47 av Frank Tangen
Screenshot 2026-03-29 213503.png

Randi opna solid i førsteserien med 240 inkl. hcp, men utover i spelet tok Terje og Frode over. Begge leverte stabilt godt spel og høge seriar og det skilte berre 12 pinnar i Terje sin favør før sisteserien. Men den vanlegvis så gilde bane 4 for ikkje fint åt med formannen vår i kveld, så Frode kunne surfa inn til ein trygg siger.

Det hadde vore kjekt med fleire deltakarar i kveldens månadscup, men dei som var der leverte tidvis strålande spel. Med sju deltakarar så vart det berre premie på vinnaren. Me gratulerer vossingen og ynskjer både han og alle andre velkomne til neste månadscup om ein månad. Men allereie 12. april er det ny månadscup på Voss.

Kampen vart overført på vår youtubekanal:
https://www.youtube.com/watch?v=P7iknTyRbiw