Tellevikingane raida vekespotto
Fredag 3. april:
I kveld var det "freddan" i hallen i Øystese. Fire tidlegare vinnarar av vekespotto stilte opp og leverte rimeleg bra score. Tore og Brage heiv seg med på potte nr. 10 og Brage var frekk nok til å løfta scoren til 253 allereie i serie to. Men Tellevik senior trossa sterkt redusert hcp og leverte ein 255-serie i rein score. Sjølv om han har mista ein god del hcp etter forrige pottesiger så var det 20 igjen. Dermed er den nye vekestoppen på 275.
Slett ikkje sikker på om den scoren held heile vegen, men ei fin utfordring er det jo. Har ikkje høyrt eit knyst frå Voss, så der går det sikkert berre i påskebowling.
----------------------
Torsdag 2. april:
Ingen aktivitet i Øystese, men Martin skviste seg inn mellom alle påskegjestene og la inn nokre seriar på Voss. Olav held ein makeleg vekestopp så langt på 243.
-------------------
Onsdag 1. april:
Det var rolege tilstandar på treninga i Øystese i kveld. Lokalligalaget vårt spelte ein walk over-kamp mot Fyllingen, medan underteikna kylte nokre kuler nedover parketten. Har heller ikkje høyrt noko frå Voss så eg reknar med at det er fullt opp av påskegjester hjå Mona.
-------------
Eg får sitera Frode Oksnes under månadscupen sundag. "Bli med på potto folkens, det kostar jo ikkje meir enn ein sjokolade!"
No skal det seiast at det med sjokoladeprisen vart eit diskusjonstema då butikkane no har påsketilbod på sjokolade :D
Vel, vel... me fyrer i gang potte 10 og prisen er den same om det er påske eller ikkje; kr. 50 for ei heil veke med moro. Oppstart onsdag og avslutning tysdag. Den med den høgste enkeltserien inkl. hcp i perioden stikk av med potto.
FAKTA:
- Periode: onsdag 1. - tysdag 7. april
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maks 300!
- Hcp vekespotte 10:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12628&Tittel=HCP%20potte%2010