Håkon Trettenes vinnar av vekespotte nr. 11
- Du må opna artikkelen og klikke på ill. for å få den lesbar.
Brage gjorde eit forsøk på å snyta vossingen Håkon Trettenes frå pottesigeren i dag, men han kom 7 pinnar for kort. Håkon vart då den fjerde vossingen som har tømt vekespotto. Me gratulerer og ynskjer samstundes gud (kanskje ikkje hen) og kvarmann velkomen til ny pottedyst.
-------------
Måndag 13. april:
Her går ein og tel på knappane om ein skal kasta heile potto i fjorden då intensjonen om auka aktivitet ser ut til å ha motsatt effekt med prisakue på treningar og innstrammingar for dei som vel å auka treningsdosen, men så tikkar det inn ei vippsmelding seint måndagskvelden frå Martin der han beklagar at han har gløymt å melda seg på denne vekespotto før no og at han får stilla opp som støttemedlem denne runden sidan han truleg ikkje har tid til å spela i morgon.
Med slike oppmuntrande ord så startar eg nok ein ny runde med vekespotto onsdag. Men det er endå eit døger igjen av denne potto og scoren er slett ikkje avskrekkande. 263 bør vera innafor rekkevidde for dei fleste når dei legg hcp sitt oppå.
----------------
Sundag 12. april:
I dag var det månadscup på Voss og tre av pottedeltakarane var med på cupen. Men Håkon Trettenes, som er i Drammen og hankar gull og grøne skogar i jernbanemeisterskapen, held framleis stand.
Det hadde han ikkje gjort viss berre desse som ikkje heilt har trua på seg sjølve hadde kasta seg med i pottekampen. SIst oppdatering viste eg til at både Jarle Skjelde og Hans Erik Bjerkelund ville toppa om dei var med. I dag var det Sonja Karin Riple som smelte til med ein serie på 191. Med hcp ville det gitt 287...
-------------------
Fredag 10. april:
Bra deltaking på freddan i kveld. På treninga onsdag var me ein person utanom veteranlagskampen. I dag var me seks spelarar. Olav og eg var dei einaste pottedeltakarane, men det me leverte var ikkje så mykje å skriva heim om. No testa me ut ein ny konkurranseprofil som skal brukast både i Chanpionatfinalen på Stord sundag og i kvalifiseringa på Hønefoss torsdag, så det får ta litt av skulda.
------------
Torsdag 9. april:
Ingen av dei som har kjøpt potteplass var i aksjon i dag, men eit par vossingar kunne ha tatt kommandoen om dei hadde løyst billett. Jarle Skjelde runda 279 inkl. hcp i dag og Hans Erik Bjerkelund ville fått 293 m/hcp, men det er viss, dersom om og men.
----------------
Onsdag 8. april:
Heile ein person på klubbtreninga i kveld - sterkt!
I tillegg til trening var det sesongavslutning i veteranligaen. To av spelarane der kasta seg med i pottekampen. På Voss var det mange i aksjon, men berre Håkon Trettenes løyste billett. Av dei fire som snudde potto rett veg, så var det rimeleg bra speling, men absolutt mogeleg å høyna.
Ny strategi frå underteikna gjer at lista vert sortert etter kven som ligg på topp, men maksscoren vert ikkje lagt inn dei første dagane.
-----------------
Jubileumspotte nr. 10 gjekk til Frode Oksnes med maksscoren 300. I dag startar potte nr. 11. Kanskje det blir du som står igjen som pottevinnar om ei veke?
FAKTA:
- Periode: onsdag 8. - tysdag 14. april
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!
- Hcp vekespotte 11:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12629&Tittel=HCP%20potte%2011