Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Frode Oksnes går frå siger til siger

12. april 2026, 16:55 av Frank Tangen
FrodeOksnesMndCupVoss.jpg

Bilete viser turneringsmaestro Lars S. Pedersen staseleg oppkledd i gjenkjennbar drakt.

I dag var det særs jamt under heile cupen. Det svinga frå serie til serie kven som låg topp tre, men når status vart gjort opp etter fire seriar kunne Frode løfta trofeet, eller pengebunken om du vil. To månadscupar og ei vekespotte har Frode hanka inn i løpet av 14 dagar. Det er nesten så det byrjar bli butikk av det ;).

Tettast på Frode kom Tom Aasen og Martin Istad som delte 2. plassen. Dette var nok ei søt hemn for vossingane etter at kvemmingane stakk av med det meste under vossabyggmeisterskapen for vel 14 dagar sidan. Men me stilte mann- og damesterke frå Hardanger-regionen; tre oddingar og tre kvemmingar. Andreas vart bestemann av dei langvegsfarande med ein 4. plass.

Resultatliste kjem...