Martin vinnar av vekespotte nr. 12
Tysdag 21. april:
Martin sin solide serie på 266 i rein score og 289 m/hcp heldt heilt inn. Med det har Martin plukka sin andre vekespottesiger og hans hcp stuper som ein stein :)
Me gratulerer og ynskjer velkomne til vekespotte nr. 14.
--------------
Måndag 20. april:
Tre pottemakarar i aksjon i Øystese der Olav Ludvig fekk notert sine første seriar for veka. På Voss var det bedriftsseriar. Men Martin har framleis god margin til resten av kobbelet når ein dag står igjen av vekespotte nr. 12.
------------
Sundag 19. april:
I Øystese har det vore rolege dagar denne helga - ikkje ein potteserie registrert. På Voss har det vore noko meir aktivitet. Håkon har spelt nokre seriar, men manglar det heilt store. Frode O har spelt litt fleire seriar, men også han saknar kjempeseriane. Martin har vore den mest aktive på Voss og den desidert beste, både i enkeltserie som potto likar og totalt. Han har spelt 39 seriar denne potteveka og har eit snitt på 194.
---------------
Torsdag 16. april:
Ikkje den store aktiviteten av pottegjengen i dag. Frode tok nokre seriar på Voss. Olav Ludvig var i Åsane og spelte retteleg bra, men scoren derifrå gjeld ikkje :)
--------------
Onsdag 15. april:
Aktivitet både i Øystese og på Voss i dag. Martin har tatt kommandoen med jamt godt spel. Han har faktisk 205 i snitt over 9 seriar. Røyrviken ligg førebels på andreplass. Eg fortset med taktikken frå forrige runde med å sortera etter dei som leiar, men utan å visa maksscoren før litt ut i veka.
FAKTA:
- Periode: onsdag 15. - tysdag 21. april
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!
- Hcp vekespotte 12:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12638&Tittel=HCP%20potte%2012