Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Gaute med 300-serie i finalen i Hønefoss Open

19. april 2026, 13:09 av Frank Tangen
Screenshot 2026-04-19 170717.png

Sundag 19. april:
Dagens finalar var på tre trinn; topp 16, topp 8 og stegfinale topp 5 (TV-overført kl. 15 - sjå lenke under). Topp 16 spelte RR-finale i to grupper. 8 stk i kvar gruppe som spelte ein kamp mot kvar av dei andre i gruppa. I tillegg til pinnefallet fekk spelarane 30 bonuspoeng for siger. Pinnefallet frå innleiande fulgte med inn i finalespelet og dei åtte beste etter finaletrinn 1 gjekk vidare til neste finale.

I finalen vart det litt opp og ned for Gaute. Han veksla mellom 300 (den tredje 300-serien i turneringa) mot Kristoffer Berg Nilsen til 159 mot Christer Aker i siste serien. Han vart nr. 5 i si gruppe med eit snitt på 207 over 7 seriar, men hadde for lite pinnefall totalt til å klatra til neste finalesteg.

Me gratulerer Gaute med ei strålande turnering.
Skjermdumpen viser duoen under kvaliken saman med detaljresultata våre på dei ulike profilane. Gaute har spelt 31 seriar denne langhelga, underteikna syntes 24 var nok. Eg var tross alt eldstemann av dei 78 deltakarane :)

STREAM (det står 2024 på tre av dei 4 streamsendingane):
https://www.youtube.com/@Fossen103.5/streams

STREAM AV STEGFINALE (topp 5):
https://www.youtube.com/watch?v=3pQEtu37CXA

------------
Laurdag 18. april:
Først var det seks seriar mediumolje på 39 fot som skulle utfordrast. Det var på denne profilen Gaute fekk dei største problema. På gårsdagens kortolje hadde han 721 på dei tre første seriane, men i dag hadde han 508 på dei tre første. Gaute rodde dagen i land med ei god avslutning og enda på 193 i snitt - ein 26. plass på profilen, men framleis godt inne topp 16. Frank vart nr. 44 på denne profilen med 176,5 i snitt.

Etter ein pause på nokre timar var det langolje som skulle avslutta det innleiande spelet. Her spelte Gaute solide 206 i snitt og var med det nr. 14 på langolje. Summert med alle tre innleiande startane enda Gaute på 15. plass med 206 i snitt over 18 seriar og er klar for sundagens finalesteg nr. 1. Frank hadde sin beste start på langolje med 189 i snitt og enda med det på 40. plass i turneringa.

---------------
Fredag 17. april:
I dag var det seks seriar kortolje som stod på programmet. 34 fot nedover laminatet var pensla, dei resterande 26 var utan olje. Gaute takla profilen bra og opna med 721 på dei tre første seriane (245, 208 og 268). Litt rolegare dei tre siste, men låg trygt inne på topp 16 med eit snitt på 220 etter at kortolja var unnagjort. Den andre kvemmingen på lasset spelte 174 i snitt på 47. plass av 56.

-----------
Torsdag 16. april:
Gaute og underteikna klarte i dag å kvalifisera inn til hovudturneringa Hønefoss open. Dette er ei invitasjonsturnering med 56 deltakarar der 22 av desse er kvalifisert via ranking. Så det stod 34 plassar igjen som det vart kjempa om i kvalifisreringa i dag.

Sjølve turneringa består av 18 seriar der 6 seriar er på kortolje (34 fot), 6 er på mellomprofil (39 fot) og 6 på langolje (52 fot). Så med 6 seriar kvalifisering vert det 24 seriar på fire ulike profilar - rimeleg heftig!

I dag spelte me på ein 39 fots konkurranseprofil. Glatt som tykjen frå stav 7 og ut. Frå stav 8 og innover var det tørt, så mange utfordringar her og. Kutten for å koma inn i hovudturneringa enda på 1050 som gjev eit snitt på 175.

Fredag er det kortolje som står på programmet. Det er ei pulje som startar kl 17 og ei kl. 20. Laurdag morgon er det mediumolje (39 ft) i dei to første puljene og så vert innleiande spel avslutta med to puljer med langolje (52 ft) laurdag ettermiddag/kveld. Sundag er det finalespel for dei som karrar seg dit. Då tenker eg gamle Tangen har satt kursen vestover for å pleia såre fingrar :)

Både Gaute og eg skal spela innleiande i blokk A: kortolje fredag kl. 17, mellomolje laurdag kl. 0800 og langolje laurdag kl. 15.

BOWLINGRES:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2026/hnefossopen2026/resultater

LIVESCORE:
https://livescore.lanetalk.com/livescoring/4b77a338-64fc-11e5-8698-0050569337ac