Frode Oksnes vinnar av vekespotto nr. 13
Frode sikra seg kr. 400 i sin andre vekespottesiger. Han sette ny pers med 266 sist onsdag som gav 294 m/hcp. Frode var jo også den som sprengte 300-grensa for to rundar sidan, så han er verkeleg i støtet. Godt då at han no stuper i hcp slik at andre får sjansen :)
Ny potte (nr. 14) startar i morgon!
---------------
Måndag 27. april:
Bedriftskampar på Voss der Martin og Frode spelte nokre få seriar, men tydlegvis vanskelege forhold. I Øystese var det roleg på parketten. Litt bursdagsbowling var det einaste teikn på liv.
--------------
Sundag 26. april:
Tre nye pottespelarar kasta seg med under kveldens månadscup i Øystese. Sonja Riple var den som kom nærast Oksnesen i dag med 252 inkl. hcp., men det ser ut til å bli vanskeleg å vippa Frode ned frå trona denne veka.
-----------------
Torsdag 23. april:
Ein rimeleg behageleg hold av topposisjon for Frode sidan han var den einaste i heatet som spelte i dag :)
----------------
Onsdag 22. april:
Kvammamedlemene fortset med å stua full hallen på sine treningar. I dag var me dei same tre som måndag pluss Frode O som tok turen frå Voss. Men ein skal aldri sutra over dei som ikkje er der har eg lært etter å ha stått på ein scene i meir enn 40 år, ein skal setja pris på dei som er der i staden. Og me fire hadde ei kjekk økt i hallen. Frode var den som trilla kula best, medan me andre var særs jamne. Det gjeld også Martin som var den einaste pottespelaren på Voss.
FAKTA:
- Periode: onsdag 22. - tysdag 28. april
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!
- Hcp vekespotte 13:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12656&Tittel=HCP%20potte%2013