Atle leiar med 254 i vekespotto
Måndag 4. mai:
Olav Ludvig var tett på Atle i to seriar i kveld. I begge to fekk han splitt i tiarruta og kom litt for kort. Røyrviken har ein av særs få rundar utan pottedeltaking og angrar nok litt på det i kveld når han runda 200-talet og ville ha flytta Atle eit hakk nedover :). På Voss var det bedriftsserie og som vanleg tøffe forhold, så det kan sjå ut til at Atle held ut heilt inn.
-------------
Sundag 3. mai:
Martin var einaste pottemakar i aksjon i dag. Han spelte 14 seriar på Voss, men kom ikkje i nærleiken av Atle sin score, men spelemakker Trond hadde løfta potto vekk frå Atle sine skuldrar om han hadde løyst billett.
Kan elles melda at det er fleire enn bowlarane i Kvam som ser ut til å ha gått i dvale. Var på den flotte golfbana på Børve i vårsola i dag, og eg hadde heile bana for meg sjølv. Ikkje ei sjel å sjå...
---------------
Fredag 1. mai:
Det er stille og roleg på pottefronten noko kanskje det flotte vårvêret får ta skulda for. No er det vêrskifte på gang, så kanskje aktiviteten tek seg opp att? Atle held jaffal stand med ein heller overkomeleg score.
----------------
Onsdag 29. april:
Den nybakte månadscupmeisteren Atle Barane er tydelegvis i knallform for tida. På kveldens klubbtrening sanka han nok pinnar til å toppa vekespotto etter første dag. Me var fire på treninga i Øystese og alle kasta seg med i pottespelet. I tillegg spelte Martin nokre potteseriar på Voss.
FAKTA:
- Periode: onsdag 29. april - tysdag 5. mai
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!
- Hcp vekespotte 14:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12668&Tittel=HCP%20potte%2014