Frank vinnar av månadscupen på Voss
Seksten deltakarar stilte til start i dagens månadscup på Voss. Olav og underteikna var dei einaste frå Hardanger-regionen som tok turen oppover i det skiftande vårvêret. Alltid kjekt å koma til Mona og drøsa med og duellera mot trivelege vossingar.
I første serien la eg grunnlaget for sigeren med ein 230-serie i rein score. Olav starta med 113 og fekk ein heil jobb med å forklara ambulansepersonellet at han ikkje var så dårleg :).
Etter at tre av dei fire seriane var unnagjort, var det tett som erterrris nedover lista. Ikkje det heilt store spelet, men jaffal jamnt; 610, 609, 608 og 607 var scoren på dei fire på topp.
Sisteserien gjorde vei i vellinga for eit par av dei som låg og lurte rett under topp fire. Formann Gert skifta ball og gjekk for vekespotto då han rekna månadscuptoget for gått, men det var like før han henta inn att toget, og potto løfta han av skuldrane til Tom. Arrangementssjef Lars låg også eit knepp bak kvartetten på topp etter tre seriar, men løfta seg opp på 3. plass ein pinne framom Oksnesen.
Underteikna hadde ingen god start i sisteserien, men klarte under press å prikka inn ei høne i rute ni og ti og heldt dermed Gert bak meg. Olav avslutta med ein solid 180-serie, men det vart for mykje å henta inn att etter den svake starten.
Neste månadscup på Voss vert sundag 7. juni - då i kombinasjon med klubbmeisterskapen på same vis som me gjer det i Kvam (6 seriar klubbmeisterskap der dei 4 første også tel som mndcup).