To bronsemedaljar i lokalligaen
I kveld var det sesongavslutning i Bergen bowlingkrets sin lokalliga. Andrelaget vårt kjempa med Mascot4 om bronseplassen i 2. divisjon. Me starta bra og sikra førsteserien med sterke 567. I andreserien var det kollektiv svikt og Mascot slo tilbake. Etter tap også i tredjeserien såg det ut til at medaljen skulle glippa, men ein solid sisteserie på 607 gjorde at Kvam både fekk sistepoenget og totalen og vant kampen 3-2.
Førstelaget fekk besøk i Øystese av eit reserveprega Åsane1. Etter ein forsiktig opning enda det med ein klar siger 4-1 for Kvam1. Med dei resultata enda begge laga på bronseplass i kvar sin divisjon.
TABELL 1. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1658&sesong=2025&runde=0
TABELL 2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1659&sesong=2025&runde=0