Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Sesongrekordane i Kvam

1. juni 2026, 17:47 av Frank Tangen
Screenshot 2026-06-02 103707.png

Sist sesong byrja me å registrera sesongens høgste score på ei tavle i hallen. Det er registrering i herre- og dameklassen på kvar bane, samt banepar på 3/4 og 1/2. For å koma på den tavla må seriane vera spelt i hallen som del av ei lokal turnering eller offisielle NBF-seriar.

Dei beste noteringane sist sesong vart levert av Randi Karin Hansen (Kvam), Camilla Heggland (Åsane), Frank Tangen (Kvam og Voss), Frode Oksnes (Kvam og Voss), Gaute Øye Melstveit (Kvam) og Thomas Hodel-Olsen Ørevik (Åsane). Ingen 300-serie, men Gaute var styggeleg nære eit par gonger.

Me har passert 1. juni og ein ny sesong har starta opp med, om ikkje blanke ark og fargestiftar, så jaffal tavle og kritt klar for nye toppnoteringar.