Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

NR 3 I ÅSANE SOMMERTREFF

5. juli 2026, 18:57 av Frank Tangen
Frank2.jpg

Eg tykkjer det har vore så lite speling i det siste, så eg reiste til Vestkanten for å delta i Åsane sommertreff. Tevlingsforma er 3x3 seriar og eg tok like godt alle 9 seriane måndagskvelden. Dei første seriane gjekk litt trått før eg fant ut kvar eg skulle spele, men så gjekk det over all forventning. Laurdag spelte eg to reentry-startar for å trygga topp-4 for å unngå semifinalen.

Det var ein ganske tøff kortoljeprofil på 36 fot der eg profiterte på den mengdetreninga eg driv med, eller "lemping av kuler" som enkelte likar å kalla det. Presisjonen på sparespelet var alfa omega. Av totalt 167 startar var det berre 15 som var over par (200 i snitt).

Sundag var det klart for finalespel. Først var det semifinalar med 10 deltakarar som spelte tre seriar. Dei fire beste frå semifinalen gjekk til finalen der dei møtte dei fire beste frå innleiande også der tre seriar. Etter to seriar var det ein trio med eit godt forsprang til resten av feltet. Eg låg då på 4. plass med 355 i score. I sisteserien fant eg strikelinja, avslutta med 238 og klatra opp til 3. plass totalt. Hodel jr. vant turneringa med Per Frode Sterud frå Briskebyen på 2. plass.

https://www.bowlingres.no/turneringer/2026/sanesommertreff2026nourethane/resultater