Månadscup 19. juli kl. 16
6. juli 2026, 21:14 av Frank Tangen
Siste sundagen i juli er det mangel på folk som kan stå for månadscupen i Øystese. Difor flyttar me denne månadscupen fram ei veke til 19. juli kl. 16. Me startar kl. 16 for å gje deltakarane høve til å sjå finalen i fotball-VM anten Noreg spelar eller ei.
Frå og med august vert alle månadscupane også registrert som seriar i Norges bowlingforbund for dei som har lisens der. Det vert framleis høve til å delta sjølv om ein ikkje har lisens og premieringa vert akkurat som før. Men dette gjeld altså frå august-utgåva.
HCP:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12724&Tittel=HCP%20MndCup%20Jul...