Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Gaute med kanonspel i quarten

26. sep. 2026, 22:26 av Frank Tangen
gaute.jpg

Ja, ja... sånn kan det også gjerast. Vår fantastiske ungdom Gaute bestemte seg for å trilla nokre kuler nedover parketten ein tidleg laurdagskveld. Etter tre moderate (!) oppvarmingsrundar på 633 kasta han seg med i septemberkvarten. Denne helga er det ungdoms-NM i Trondheim, eit NM som nok Gaute hadde meldt seg på om det hadde høvd slik. Så kvifor ikkje visa gjengen der oppe kva dei gjekk glipp av?

I kveldens quart opna Gaute med 7 strike før ein 4-10-splitt bremsa han litt opp. 256 i serie 1 og blikket var retta framover. I serie 2 henta han 10 strike miksa med ein spare og ein ny split og enda på 244. Etter to seriar hadde han 498 i rein score og, - sjølvsagt har Gaute berre rein score 🤣. Ein 200-serie til slutt ville vera meir enn nok til ny september-topp, men her var det ikkje snakk om å bremsa. Sisteserien vart utan split, men med berre (?) 8 strike enda han på 246 og solide 744 totalt. Det blir 248 i snitt over 3 seriar.

Har du lyst på speletips så kan du studere streamingen frå kveldens økt. Eg rakk jo ikkje å fyra streamen i gang før han var nesten ferdig med førsteserien 😆

- STREAMING:
https://www.youtube.com/live/8qP6WiooLFA?si=0ivJ17fdMn76GJXE

- SEPTEMBERKVARTEN:
https://sites.google.com/view/vekespotto/septemberkvarten