Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Bra poengfangst i lokalligaen

28. sep. 2026, 21:32 av Frank Tangen
Screenshot 2026-09-28 213142.jpg

Begge lokalligalaga våre hadde heimekampar i dag. BBC2 gjesta vårt andrelag medan stordingane var på langtur for å duellera med Kvam 1. Me stilte mannsterke med 4 mann på førstelaget, tre på andrelaget og Dag som suste rundt om og heldt banane i flyt.

Det var mykje bra, men også mykje vekslande speling. Fleire av spelarane i dei to kampane varierte med opp mot 100 pinnar frå beste til dårlegaste scoren. Fred Larsson på Stord var den som fekk den største differansen med 137 pinnar.

Andrelaget vårt spelte ein ganske jamn kamp mot BBC2 der kvar serie vippa i kvemmingane sin favør. Både Terje og Olav Ludvig hadde ein god dag på parketten. Olav Ludvig kombinerte med ein start i quarten og spelte seg opp på andreplass.. Førstelaget hadde Gaute i storslag som nesten på eiga hand sørga for at me vant 3-2.

TABELL 2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2026&Id=1698

TABELL 1. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2026&Id=1697